Systematisk førebyggande helsearbeid Nytt tilbod til medlemmer av Forum Ku: Systematisk førebyggande helsearbeid Litt om Marit: Kjem frå Suldal, bur på Ålgård, og er 37 år gammal. Har arbeida som avløysar i mjølkeproduksjon og sauehald i mange år. Ferdig utdanna veterinær frå Sveriges Lantbruksuniversitet i 2002, og har sidan jobba i kombinert praksis med storfe, sau og smådyr. Har lenge vore interessert i flokk-helse og førebyggande helsearbeid og jobba med dette dei siste åra. Eg har ein liten smådyrpraksis på Ålgård ved sida. MÅLET: Kalvane er friske, trivslege og et og veks
godt. Du når måla dine for tilvekst på kalvane og ser at dei mjølkar svært
godt frå første laktasjon. Klauvhelsa er god, så du har ikkje
produksjonstap pga kyr med vonde føter. MIDDELET: Undersøkingar og oppfølging ved helseproblem på kalv med mål om god kalvehelse og god tilvekst. Kontroll på klauvhelsa i samarbeid med dyktige
klauvskjærar. Du veit kva du ønskjer hjelp til. |
|||||||