Untitled Document

 

Systematisk førebyggande helsearbeid

Nytt tilbod til medlemmer av Forum Ku:

Systematisk førebyggande helsearbeid
Forum Ku har inngått samarbeid med veterinær Marit Johanne Apeland, som kan tilby systematisk førebyggande helsearbeid på storfe.
 

Litt om Marit: Kjem frå Suldal, bur på Ålgård, og er 37 år gammal. Har arbeida som avløysar i mjølkeproduksjon og sauehald i mange år. Ferdig utdanna veterinær frå Sveriges Lantbruksuniversitet i 2002, og har sidan jobba i kombinert praksis med storfe, sau og smådyr.

Har lenge vore interessert i flokk-helse og førebyggande helsearbeid og jobba med dette dei siste åra. Eg har ein liten smådyrpraksis på Ålgård ved sida.

MÅLET:
Kyrne og kvigene dine har god fruktbarhet, du får kalv i dei tidleg slik at dei kalvar med det intervallet du ønskjer.

Kalvane er friske, trivslege og et og veks godt. Du når måla dine for tilvekst på kalvane og ser at dei mjølkar svært godt frå første laktasjon.
Du har god styring på fôr og fôring, du får utnytta dei ressursane du rår over og dyra får det dei treng for god produksjon.

Klauvhelsa er god, så du har ikkje produksjonstap pga kyr med vonde føter.
Du held elitemjølka ettersom celletalet er lågt, det er lite mastitt i besetningen og du har kontroll på dei smittsame bakteriene.

Det finst store penger å tena på å få kontroll på alle felt.

MIDDELET:
Jamnleg seksuell helsekontroll og tidleg (frå 32d) drektighetskontroll.
Oppfølging av - og kontroll på jurhelse med fokus på prøvetaking og sintidsbehandling.

Undersøkingar og oppfølging ved helseproblem på kalv med mål om god kalvehelse og god tilvekst.

Kontroll på klauvhelsa i samarbeid med dyktige klauvskjærar.
Eg koplar ved behov inn fôringsrådgjevar. Den viktigaste perioden er frå avgjelding fram til tidleg laktasjon.

Du veit kva du ønskjer hjelp til.

Meld di interesse!
Veterinær Marit Johanne Apeland, tlf 488 91 570


 

Aktuelt fra Forum ku: